Finn roen i Loen
Sidan 1975 har vi blitt omtala som ein gjestfri og sjarmerande basecamp til ein av verdas vakraste destinasjonar: nemleg Loen. Her vil du finne roen som gjer deg rusta for ein dag fylt med opplevingar.
Sidan 1975 har vi blitt omtala som ein gjestfri og sjarmerande basecamp til ein av verdas vakraste destinasjonar: nemleg Loen. Her vil du finne roen som gjer deg rusta for ein dag fylt med opplevingar.
Ønsker du å overnatte på camping i Loen, er du hjerteleg velkommen til å bo hos oss. Tjugen camping er ein liten og koseleg campingplass midt i Loen.
Her er panoramautsikt mot fjell og bre. Campingplassen ligg langs Loelva, ved foten av Skåla og turen til Skålatårnet. Vi er også eit sentralt utgangspunkt for turar til Lovatnet, Via Ferrata og Loen Skylift. Spør oss om tips til aktivitetar og turar. Vi fortel deg gjerne om alt det kjekke Loen og regionen rundt har å by på!
Andre avstandar
Sjå vårt interaktive kart over Loen. Trykk på dei ulike stadsnamna for å kome til ei nettside med meir informasjon.
Campingplassen vår er liten og koseleg. Her er det natur, fjell og bygdeliv på alle kantar. Vakre Loelva renn forbi og elvesusen er vår kjenningsmelodi. Resepsjonen og servicebygget har torvtak og er bygd av tømmer frå eigen gard. Campingplassen ligg i utkanten av Tjugen gard og i gamle dagar har her i følge bøkene vore både munkar, husmannsplass og planteskule.
Treng du ein plass for telt, bobil og vogner i Loen – er vår camping bygd opp med terrassar og ulike nivå, noko som gjev ei luftig og roleg stemning. Vi har teke vare på det naturlege og frodige. Her finn du idylliske tre, blåbær, markjordbær og blomster som lagar ei fin ramme rundt plassen. Når det er bra vêr får du sol heile dagen, frå morgon til kveld. Det kan vi like!
Campingplassen i Loen er familiedriven, og vertskapet består av tre generasjonar Tjugen med Kristin og Bengt Are i spissen. Vårt mål er at du som gjest skal føle deg velkommen og trivast! I tillegg vil vi at du skal finne fasilitetane innbydande og velstelte. Vi håpar du vil finne roen i Loen!
Lill Berit og Knut Johan Tjugen var berre 21 og 24 år gamle då dei starta Tjugen Camping i 1973. Plassen ligg i utkanten av Tjugen gard og vart eit fint supplement til gardsdrifta. Med tida kom dei tre borna Kristin, Sølvi og Anders – alle meir eller mindre oppvaksne her på campingplassen.
I 2021 flytta eldste dottera Kristin heim etter mange år i Stavanger og på Jæren. Saman med mannen sin, Bengt Are, tok ho over drifta. Bengt Are er byguten frå Stavanger som kasta seg ut i camping- og bygdelivet med godt mot – og som alltid synest det er ekstra stas når det kjem gjester frå Rogaland. 😉
I 2023 feira vi eit koseleg 50-årsjubileum, der mange gjester og vener samla seg til ei flott St. Hans-feiring ved elva.
Som gjest hos oss møter du no tre generasjonar Tjugen, alle med same mål: å gjere opphaldet ditt så triveleg som mogleg.
Vi håpar du vil kjenne deg like heime her i bygda som vi gjer. Hjarteleg velkomen til oss!
Bengt Ares exclusive bucket list
Sengetøy, handkle og utvask er inkludert!
Våre koselege feriehytter ligg i skogkanten med utsikt mot Lodalen og Jostedalsbreen. Her kan du bo med god komfort i fleire dager mens du besøker alt det kjekke Loen og omegn har å by på.
Hyttene er 55 kvm store og har kjøkken og stove i open løysing, to soverom med tilsaman seks sengeplasser og eige bad med dusj og toalett.
Bestill online eller ta kontakt.
Koselege og populære campinghytter med enkel standard
Våre 12 m² store hytter har fire sengeplassar, spiseplass og minikjøkken. Hyttene er måla i rolige, moderne fargar innvendig og innreidd med omtanke og kjærleik. Kvar hytte har ein koseleg terrasse med bord og stolar – perfekt for frokost, middag eller berre å slappe av etter ein aktiv dag i Loen.
Hovudrommet har to enkeltsenger, og bak ei skillevegg finn du ei køyseng. På grunn av størrelsen passar hyttene best for to personar, eller for to vaksne og to born.
Bestill online eller ta kontakt - vi ser fram til å ønskje deg velkomen!
Som gjest på Tjugen har du tilgang til følgande fasilitetar:
Plass til bobil eller campingvogn kan bestillast via vår online booking.
For telt har vi kun drop in plassar.
Bobil/campingvogn
01.09-12.10: Kr 360,- pr natt
Gjeld for inntil 2 personar.
Straum kr 50,-
Telt
01.09-12.10: Kr 330,- pr natt
Gjeld for inntil 2 personer med 1 telt og 1 bil eller 1-2 motorsykkel. Straum kjem evt i tillegg med kr 50,- pr døgn. Sjå også fleire prisar under “Tillegg”
Tillegg
Fasilitetane på campingplassen er kun for boande gjester.
NB! Vi har dessverre ikkje lading for el-bil. Ladestasjon finnast i Loen og Stryn sentrum.
Tjugen Camping
Lodalsvegen 198
6789 Loen
Norge
E-post: camping@tjugen.no
Tlf.: +47 905 22 714
Opp